Arbeiderpartiets valmanifest 1945 . Til det norske folk!

Bemerkungen: [] = Absatzmarken im Volltext des Originals; Übersetzung des Titels:<NZ>Wahlmanifest der norwegischen Arbeiterpartei 1945<NZ>An das norwegische Volk! ARBEIDERPARTIETS [] VAL [] MANIFEST 1945 [] DET NORSKE ARBEIDERPARTI [] Til det norske folk! [] Den 8. oktobe...

Full description

Bibliographic Details
Main Authors: Det norske arbeiderparti, Arbeidernes Aktietrykkeri
Institution:Archiv der sozialen Demokratie (AdsD)
Format: IMAGE
Language:Norwegian
Published: 08.10.1945
Subjects:
Online Access:http://hdl.handle.net/11088/E5F09495-A510-4DFB-8558-139005394344
Description
Summary:Bemerkungen: [] = Absatzmarken im Volltext des Originals; Übersetzung des Titels:<NZ>Wahlmanifest der norwegischen Arbeiterpartei 1945<NZ>An das norwegische Volk! ARBEIDERPARTIETS [] VAL [] MANIFEST 1945 [] DET NORSKE ARBEIDERPARTI [] Til det norske folk! [] Den 8. oktober går vårt folk til stortingsval for fyrste gong sidan 1936. Etter 5 års framandstyre kan vi på ny sjølve velie styresmennene vare og fastsetje den politikken dei skal føre. Landet vårt vart fritt etter ein lang og seig strid som kravde sams innsats frå alle. Nå står vi framfor den oppgava alle som ein å fylke oss om atterrelsinga og trygginga av levekåra til folket vårt. [] I fellesprogrammet sitt har del politiske partia i Noreg [!] forma ut del retningslinene som alle parti står samla om for atterrelsinga og nyorganiseringa av samfunnslivet vart. Det norske Arbeiderparti vil heilt og fullt gå inn for at dette programmet vert gjennomført. [] I samsvar med det prinsipielle programmet og arbeidsprogrammet sitt vil Det norske Arbeiderparti i komande tingbolk samle kreftene sine om desse merkesakene: [] FART I ATTERREISING OG HUSBYGGING [] Helsa og arbeidskrafta til folket, produksjons- og samferdslemidlane i landet blir bygde opp etter ein samla landsplan. Det skal forast ein effektiv forsyningspolitikk, samstundes som det blir sytt for ei rettferdig fordeling av alle forbruksvarer. Aktiv innsats frå samfunnet si side for å reise dei hus som trengst både på landsbygda, i industrisentra og byane, slik at husnauda kan avskaffast og heile folket bli sikra menneskeverdige heimar. [] PLAN OG SAMYRKE I ARBEIDSLIVET [] Bank og kredittstell, industri og utanrikshandel kjem under kontroll og regulering av samfunnet med sikte på full utnytting av dei naturlege rikdomskjelder, den kapital og arbeidskraft som landet eig. Samordning og samyrke mellom og innanfor dei einskilde næringane, ogso med sikte påå nytte ut alle resultat av moderne gransking i produksjonen si teneste. Arbeidarar og funksjonærar skal få del i leidinga av næringane og verksemdene, slik at dei i større mon kan vera med og auka produksjonen og arbeidsproduktiviteten i næringsliveitil landet. På den måten opnar det seg nye vegar til å sikre ei rettferdig fordeling av det som arbeidet kastar av seg. [] ARBEID FOR ALLE [] Retten til arbeid for alle vert grunnlovfest. Sterk utvida industrireising og rasjonalisering av industriproduksjonen. Løysing av jernsaka. Skipsbyggingsindustrien blir utbygd for å sikre ein snøgg atterreising av handelsflåten. Rask oppbygging av fiskeog fangsflåten og utviding av fiskeforedlingsindustrien vår. Fart i vegbygging og elektrifiseringa av jernbanene våre. Planfast utviding av elektrisitetsforsyninga. Auka fart i skogreisinga og moderniseringa av jordbruket. [] BETRE LEVESTANDARD I BYGD OG BY [] Reallønene til lønsmottakarane har sige sterkt under krigen, og må aukast. Priskontroll, familjevenleg skattepolitikk og sosialpolitiske tiltak må gjennomfrast med sikte på å lyfte levestandarden for dei breide lag av folket. Lønsame prisar på skogsprodukt, jordbruksvarer og fisk. [] ROM FOR NORSK UNGDOM [] Auka rom for ungdommen i arbeidsog næringslivet. Utan omsyn til dei økonomiske kåra til foreldra vert alle born og all ungdom sikra ein skulegang som svarar til evnene og givnaden deira. Utbygging av skulestellet, yrkesopplæringa og det folkelege kulturarbeidet. [] VERN OM MENNESKERETTANE [] Retten til arbeid og fritid, same rettar for kvinner som menn på alle omkverve av samfunnslivet. Religions- og samvitsfridom, ytringsfridom, trykkefridom, forsamlings- og møtefridom, organisasjonsfridom, fullgod rettstrygd for den einskilde borgaren. [] SAMARBEID MELLOM FOLKA OG VERN OM LANDET [] Ut frå vissa om at desse menneskerettane berre kan tryggast i eit fritt, sjølvstendig Noreg [!], må alle krefter setjast inn på å fremme venskapeleg samarbeid med alle demokratiske folk, samstundes som det blir bygd ut eit tidhøveleg forsvar grunnfest i det norske folket. [] I ein menneskealder har Det norske Arbeiderparti gått i brodden for alt sosialt framstegsarbeid i Noreg [!]. I dag vender partiet seg til helle det norske folket og ber om stønad til gjennomføring av ein politikk som har til måI [] full produksjon og arbeid for alle, [] høgare levestandard, [] økonomisk og sosial trygghet [] i eit Noreg [!] der del demokratiske rettane til folket er sikra. [] BYGG LANDET! [] TRYGG SIGEREN! [] DET NORSKE ARBEIDERPARTI [] Arbeidernes Aktietrykkeri, Oslo
Published:08.10.1945